Ferjefritt til Bergen

Bygging av ferjefri veg mellom Sunnhordland til Bergen vil vera eit gigantisk løft for samferdsla mellom bergens- sunnhordlandsregionen. Ein ferjefri kyststamveg vil kunna erstatta fire ferjesamband, deriblant sambandet Halhjem-Sandvikvåg som i dag er sjølve hovudfartsåra mellom bergensregionen og regionane lenger sør. I sum gjer dette ferjefri veg mellom Sunnhordland og Bergen til det største ferjeavløysingsprosjektet i Noreg nokosinne.


Å avløysa ferjene med eit nytt og ferjefritt vegsamband vil krevja store investeringar. Samstundes veit me at dei positive gevinstane også vil bli store, mellom anna i form av redusert reisetid, større fleksibilitet for dei reisande, lågare transportkostnader for næringslivet, og betre vilkår for tettare integrering av regionale bustad- og arbeidsmarknader.

Sunnhordlandsambandet AS meiner desse effektane er så viktige at selskapet skal vera ein pådrivar for å få ferjefri veg mellom Sunnhordland og Bergen realisert.