Kvifor ferjefritt ?

Strekninga mellom Stavanger og Bergen utgjer eitt av dei mest utbygde områda i Noreg, med bustader og næringsbygg stort sett samanhengande mellom byane. Strekninga kan såleis samanliknast med mange område på Austlandet. Men i reiseavstand og -tid har ein ikkje dei same moglegheitene som på Austlandet, då busetnaden er spreidd på øyar og landområde som er delte av mange fjordar.

I transportkorridoren Stavanger-Bergen er E39 hovudvegen. Det er i dag to ferjesamband på strekninga, noko som gjer at køyretida mellom dei to byane - om lag 4,5 timar - er mykje lengre enn avstanden på cirka 18 mil pluss fjordkryssingar skulle tilseia.

Ein viktig del av samferdslekorridoren mellom dei to store vestlandsbyane er E39-strekninga mellom Aksdal og Bergen. Denne inkluderer i dag ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. Ved å gjera strekninga Stord-Bergen ferjefri, vil ein kunna oppnå ei rekkje positive effektar for innbyggjarar og næringsdrivande i både Hordaland og Rogaland:

Kortare reise- og transporttid:

Statens vegvesen har i fleire utgreiingar sett på ulike alternativ for trasear for framtidig vegframføring mellom Bergen og Stord, før både vegvesenet og Samferdsledepartementet i 2013 landa på ei midtre linje der Bjørnefjorden vert kryssa med bru mellom Tysnes og Os. Denne traseen er 17 minutt raskare enn ein indre trasé gjennom Fusa.

For heile strekninga Aksdal-Bergen er det rekna at ferjefri E39 vil gi ei innspart reisetid på mellom 50 og 70 minutt.

Større fleksibilitet:

Bortfall av ulempene ved ferjer gir alle brukarar av vegsambandet større fleksibilitet i gjennomføring av reiser og transport. Dette er ikkje minst viktig for transportnæringa. I planlegging av transportoppdrag er strekningar med ferjer utfordrande, både i høve til ventetid på ferjekaiar og i høve kviletidsreglane som sjåførane må etterleva.

Styrking av næringslivet:

Folketalsutviklinga i Hordaland og Rogaland vitnar om eit svært ekspansivt næringsliv. Eit naudsynt vilkår for at utviklinga i næringssektoren skal halda fram, er at vilkåra for god samferdsle er til stades og blir vidareutvikla i takt med utviklinga i samfunnet elles.

Ferjefri veg mellom Bergen og Sunnhordland vil bidra til å redusera transportkostnadene til næringslivet, noko som er særs viktig sidan ein stor del av verdiskapa i Hordaland og Rogaland skjer i vareproduserande eksport- og sokkelorienterte næringar som fiskeri, havbruk, olje, gass, energi, maritim verksemd og industri. Eit fungerande og mindre ressurskrevjande vegsystem mellom Stord og Bergen er viktig for næringslivet si fordeling av gods og utstyr, men også for flytting av personell. Econ Pöyry har rekna at kortare reise- og transporttid mellom Bergen og Stord vil gje næringslivet innsparingar knytt til godstransport og jobbreiser på rundt 190 millionar kroner i året.

Nytt, ferjefritt vegsamband kan såleis bidra til å styrka konkurranseevna til næringslivet i Hordaland og Rogaland, samt gi høve til å effektivisera næringsklynger innanfor matvaresektoren, olje og gass-sektoren og viktige industrisektorar.

Utviding av bustad- og arbeidsmarknadsområde:

Eit ekspansivt næringsliv må også ha tilgang på ny og kompetent arbeidskraft, anten gjennom tilflytting eller utviding av bustad- og arbeidsmarknadsområda. Eit nytt vegnett vil kunna knyta delar av regionane tettare saman – og bidra til utviding av bustad- og arbeidsmarknadsområda.

Reduserte utslepp av miljø- og klimaskadelege gassar:

Samanlikna med utsleppa frå dagens vegtrasé med ferjer, vil eit ferjefritt vegsamband mellom Stord og Bergen redusera dei samla klimagassutsleppa. Econ Pöyry reknar at ein ny, ferjefri vegtrasé vil gi ein gjennomsnittleg reduksjon i utsleppa av CO2 på 17000 tonn per år i perioden 2015 til 2044. For NOx er den gjennomsnittlege reduksjonen rekna til 23 tonn NOx per år i same periode.