Bru over Bjørnafjorden

Etter at vegvesenet hadde vurdert ulike trasear for vegframføringa mellom Sunnhordland og Bergen, bad Samferdsledepartementet i 2013 Vegdirektoratet om å leggja «Midtre linje» til grunn for den framtidige E39. Det inneber at kyststamvegen skal kryssa Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os.

Trasévalet er i tråd med tilrådinga frå Statens vegvesen, som vart presentert i ei tilleggsutgreiing til konseptvalutgreiinga for E39 mellom Aksdal og Bergen i 2013. I denne utgreiinga har vegvesenet jobba med linjevalet mellom Stord og Os, og rår til at ny E39 vert planlagd etter midtre linje med bru over Bjørnafjorden. Den indre linja, med veg gjennom Fusa, blir vurdert som mindre tenleg.

Vegvesenet framhevar i rapporten fleire grunnar til at midtre alternativ er det beste:

  • Mellom Stord og Os er den midtre linja, med bru over Bjørnafjorden, 25 km kortare enn ei indre linja gjennom Fusa. Den midtre linja krev dessutan langt mindre tunnelbygging.

  • Midtre linje gjev 17 minutt kortare reisetid enn indre linje ved ein snittfart på 90 km/t.

  • Trafikkberekningane syner at det er fleire som vil køyre ei midtre linje enn ei indre.

  • Den midtre linja gjev høve til gode framtidige tilknytingar til kommunane Austevoll, Tysnes, Fitjar og Fusa.

  • Den midtre linja har ein større gevinst i høve til utvida bu- og arbeidsmarknadsområde, då ein oppnår ein kjeda bu- og arbeidsregion frå Bergen til Stavanger.

  • Kostnadsskilnaden mellom dei to linjevala er liten, og på grunn av vesentleg kortare strekning får det midtre alternativet ei høgare netto nytte/samfunnsøkonomisk lønsemd.

  • Begge linjene har utfordringar med tanke på kulturminne, natur og miljø. Potensialet for konfliktar knytt til friluftsliv /nærmiljø er størst for den midtre linja, medan landskap, jord- og skogbruk kunne blitt  konfliktområde  for den indre. Det indre alternativet vil også gjeve ei stor utfordring med å plassere vekk 7,5 millionar kubikkmeter tunnelstein.
Den midtre vegframføringa med bru over Bjørnafjorden er i vegvesenet si konseptvalutgreiing frå 2011 kalkulert til å gje ei reisetid mellom Stord og Bergen på 51 minutt.