Ferjefri E39 inne i NTP

I 2013 vedtok Stortinget Nasjonal Transportplan for 2014-2023. Til stor glede for Sunnhordlandsambandet AS, er ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim ei av vegsatsingane som er innlemma i planen.

Med ei samla utbygging kan ein ferjefri kyststamveg på Vestlandet realiserast i løpet av 20 år, til ein stipulert kostnad på 150 milliardar kroner. Arbeidet med å gjera E39 ferjefri startar med bygging av Rogfast, ein undersjøisk tunnel under Boknafjorden i Rogaland med planlagt byggestart i 2015. Eventuell rekkjefølgje og traséval for de andre fjordkryssingane er ikkje bestemt.

Her finn du NTP