Eit avgjerande vegval for heile Sunnhordland

Statens vegvesen tilrår midtre alternativ for kryssing av Langenuen. – Alt for lite framtidsretta, meiner Sunnhordlandsambandet AS.


 

Bru over Langenuen mellom Stord og Tysnes er eit sentralt punkt i arbeidet med å gjera E39 mellom Sunnhordland og Bergen ferjefri. Vegvesenet har vurdert to alternative plasseringar av brua:

  • Midt: Midtre kryssing av Langenuen, i området Raunholm (Fitjar)- Nese (Tysnes)
  • Sør: Kryssing av Langenuen i sør, i området Jektevik (Stord) - Hodnanes (Tysnes)

I eit utkast til planrapport for nye E39 mellom Stord og Os, datert 5. juli 2016, rår vegvesenet til bygging av vegalternativ B mellom Stord og Os. Dette alternativet inkluderer ei midtre kryssing av Langenuen. Tilrådinga er basert på «ei vurdering av kostnader og konsekvensar», der E39 som hovudåre på Vestlandet har hatt fokus. Tilknyting til Kvinnherad har ikkje vore eit særskilt tema i vurderingane.

Sunnhordlandsambandet meiner tilrådinga frå vegvesenet er alt for lite framtidsretta. Plasseringa av brua over Langenuen vil ha minimal innverknad på reisetida langs E39 mellom Bergen og Stord, men valet av kryssingsstad kan få stor innverknad på framtidig infrastruktur og kommunikasjonane mellom aust og vest i Sunnhordland – og dermed framtida til regionen.

Basert på ein rapport utarbeidd av Norconsult, har Sunnhordlandsambandet AS lenge argumentert for sørleg kryssing mellom Stord og Tysnes – då dette vil gje best totaleffekt for heile sunnhordlandsregionen på sikt:
 

  • Å leggja E39 over sørspissen på Tysnes gjev det beste utgangspunktet for å kopla Kvinnherad tettare på resten av Sunnhordland gjennom eit nytt, raskare og betre samband over Husnesfjorden. Betre kommunikasjon mellom indre og ytre Sunnhordland kan leggja til rette for auka pendling, verdiskaping og folkevekst.
  • Ein kombinasjon av sørleg kryssing og eit framtidig fastsamband over Husnesfjorden gjev 12 minutt kortare reisetid mellom Leirvik og Husnes, samanlikna med ei midtre kryssing av Langenuen.  Kortast mogleg reisetid er positivt for integreringa av den felles bu-, arbeids- og servicemarknaden.
  • Ein betre integrert bu- og arbeidsmarknad vil gjera Sunnhordland meir robust mot svingingar i dei konkurranseutsette næringane som pregar regionen. Dersom svikt i ei næring rammar ein kommune særleg hardt, kan dette lettare motverkast gjennom auka pendling til andre kommunar eller ut av regionen.


Ferjefri E39 mellom Stord og Bergen er definitivt eit stort og viktig samferdsleløft, som me i Sunnhordlandsambandet helsar hjarteleg velkomen! Ved å velja sørleg kryssing mellom Stord og Tysnes, kan me samstundes leggja til rette for ein endå større samfunnseffekt som gagnar både sunnhordlandsregionen og resten av Noreg!

- Sjå gjerne filmen me har laga for sørleg kryssing.

- «Av dei to alternative kryssingsframlegga med bru over Langenuen, vil det sørlege alternativet vere mest gunstig for Sunnhordland.» Slik samanfattar Norconsult rapporten «Kryssing av Langenuen og utviklinga i Sunnhordland». Rapporten les du her.


Desse seier ja:

Følgjande kommunar har tilrådd det sørlegaste brualternativet:


Kvinnherad
Stord
Tysnes
Bømlo

Følgjande verksemder ønskjer også bru i sør:


Advantec (Stord)
Alsaker Fjordbruk (Tysnes)
Bremnes Seashore (Bømlo)
Eide Marine Services (Kvinnherad)
Hydro Husnes (Kvinnherad)
Tysnes Næringsråd (Tysnes)
Windsor Door (Tysnes)
Fronta (Stord)
HMR Group (Kvinnherad)
Olvondo Industries (Bømlo)