Du skal leita lenge etter noko som vil gje betre samfunnsmessig effekt enn å gjera stamvegen mellom dei to store vestlandsbyane Stavanger og Bergen ferjefri. Dette er område med stor verdiskaping og avgjerande betydning - også for den nasjonale velstanden.
Difor arbeider Sunnhordlandsambandet AS for å få realisert eit ferjefritt samband mellom Bergen og Stord.


No står slaget om sørleg kryssing
I eit utkast til planrapport for nye E39 mellom Stord og Os, rår Statens vegvesen til at det midtre alternativet for kryssing av Langenuen blir valt. Brua vil då kryssa fjorden mellom Raunholm i Fitjar og Nese på Tysnes.

Sunnhordlandsambandet AS held fast ved at det sørlege alternativet - med bru mellom Jektevik og Hodnanes - er den beste og mest framtidsretta løysinga for Sunnhordlandsregionen. Sjå filmen vår og forstå kvifor!

Les meir
Del: