- Sørleg kryssing er best for Sunnhordland

Slik konkluderer Norconsult i ny rapport om framtidig pendling, arbeidsplassar og folketal.

I ein analyse utarbeidd på oppdrag frå Sunnhordlandsambandet AS, har Norconsult  vurdert kva verknader valet av kryssingsstad for E39 over Langenuen kan få på pendlinga, talet på arbeidsplassar og folketalet i Sunnhordland.  Analysen legg til grunn at Hordfast blir realisert, og studerer effektane av alternativ kryssing av Langenuen og av ei mogeleg framtidig fjordkryssing med bru mellom Tysnes og Kvinnherad.

Konsulentane samanfattar rapporten slik: «Av dei to alternative kryssingsframlegga med bru over Langenunen, vil det sørlege alternativet vere mest gunstig for Sunnhordland.»

Les heile rapporten her:
Kryssing av Langenuen og utviklinga i Sunnhordland